Partnerforum inviterer: Frå visjon til virke

Partnerforum inviterer: Frå visjon til virke

Om strategiutvikling og -implementering i offentleg sektor.

04 apr
  • Kontakt:
  • Sted:Akersgt. 59, auditoriet (R5)
  • Tidsrom:Torsdag 08:00 - 10:00

På dette frukostmøtet ser vi på kva for særlege utfordringar som er knytte til strategiutvikling og -iverksetjing i det offentlege.

Strategisk arbeid skjer på fleire nivå i offentleg sektor, men den generelle utfordringa er den same: Kva må til for å nå måla ressurseffektivt og med høg legitimitet i forvaltninga, og korleis definerer ein dei overordna handlingsreglane som best tek vare på det samfunnsoppdraget verksemda har?  

I kva grad kan og bør departement og underliggjande etatar drive med strategiutvikling, og kva strategisk handlingsrom har dei? Kva slags politiske, faglege og organisatoriske rammevilkår må vere på plass for at ein strategi skal kunne bli implementert effektivt? Kva for fallgruver og motkrefter bør ein vere merksam på før, under og etter at ein utarbeider ein strategi?

Etter eit hovudinnlegg av professor Torger Reve vil vi få presentert strategiarbeidet som er blitt gjennomført ved Oslo universitetssykehus og i Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Program

07.45 Registrering og frukostservering
08.00 Velkommen ved Partnerforums sekretariat
08.05 Strategiutvikling i offentlig sektor
          Torger Reve, professor ved Handelshøyskolen BI
08.45 Erfaringer fra strategiarbeid ved Oslo universitetssykehus.
          Tone Ikdahl, prosjektleiar, OUS.
09.00 Erfaringer fra strategiarbeid i Arbeids- og velferdsdirektoratet
          Hanne Bjerknes, seniorrådgivar, Arbeids- og velferdsdirektoratet.
09.15 Diskusjon

For mer informasjon og påmelding: Se Partnerforums nettsider.

Del denne siden: