-
Kalender

Partnerforum: Frukost med Bernt

Kva kan vi lære av den spanske borgarkrigen i dag?

Torsdag
19
Desember
  • Starter:08.00, 19. desember 2019
  • Slutter:10.30, 19. desember 2019
  • Sted:Hovedbølet, Akersgata 64-68, Oslo
  • Kontakt:Camilla B. Greve (camilla.b.greve@bi.no)
  • Kvifor har nettopp denne borgarkrigen – så fjern og framand – skapt eit engasjement utan like?
  • Trangen til å finne ut av kva som eigentleg hendte, har bragt fram eit materiale som vokser i tilfang frå år til år, og som gjer denne borgarkrigen meir og meir mangesidig. Vi veit no meir enn aktørane sjølv kunne vite.

Program:
Kl. 08:00 Registrering og frukostservering
Kl. 08:30 Velkommen ved Partnerforums sekretariat

Årelatinga i Spania - opphav og etterverknader - eit perspektiv etter åtti år
Bernt Hagtvet, professor Bjørknes/UiO
Diskusjon og spørsmål med salen leidd av Bernt Hagtvet

Kl. 10:30 Slutt

Grunnproblemet i den andre spanske republikken (1931-36) var at for få så på demokratiet som eit fast, overordna og legitimt rammeverk for politisk arbeid. Dei var opportunistiske i demokratisynet sitt: Uviljug til å sette overlevinga til systemet framfor eigne ideologiske omsyn eller personlege ambisjonar. Den umiddelbare årsaken til krigen var sammenbruddet i den offentlige orden og en serie med politiske mord våren 1936.
Hagtvet, Aftenposten, mai 2019

Om innleiaren

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved UiO frå 1994 med utdaning frå UiO, UiB, Yale og Oxford. Særskilte interesser for totalitære diktatur, ideologiar og menneskerettsstudiar, samt intellektuelle i politikken (bok om Bjørnson og Dreyfus-saka, 1994).

Forskingsleiar ved Programmet for Menneskerettsstudiar, CMI i Bergen 1983-94. Gjesteførelesar ved Yale hausten 2016 om europeisk fascisme. Prof. II ved Bjørknes Høyskole. Breitt forfattarskap om europeisk politikk og politisk ekstremisme. Spaltist i Aftenposten og Dag og Tid, sakprosameldar i Dagbladet. Avholdt STV 1530, folkemordkurset som i ti år, «før jeg ble tvangspensjonert», som han seier, fylte auditorium 1 på SV.

Knut Olav Åmås (tidl. kultur- og debattredaktør i Aftenposten) omtala serien «Frukost med Bernt» som gjekk 150 gonger på Blindern som “... en av de viktigste deloffentlighetene i hovedstaden: Flere ganger månedlig møtes flere enn 200 mennesker for å drøfte brennbare problemer i kultur og samfunn: tidlig om morgenen, i to stive timer, med frokost, gratis og åpent for alle.” (Aftenposten, 30.01.09). Han tala 300 minuttar om europeisk fascisme ved UiB hausten 2018, ei førelesing som vart direktesendt på nrk2 som Frank Aarebrots minneførelesing.

 


Les mer og meld deg på!