-
Aktivitetskalender

Webinar: Ledelse i krise

I dette digitale foredraget presenterer Førsteamanuensis Olav Kjellevold Olsen frå si forsking på operative miljø som militære spesialstyrkar og politiet, og kva dei vektlegg som sentralt i leiarskap og samspel for å lukkast når usikkerheiten og tidspresset er stort og mykje står på spel.

Onsdag
22
April
  • Starter:08.30, 22. april 2020
  • Slutter:09.30, 22. april 2020
  • Sted:Online
Meld deg på

Med Covid-19 viruset som lyn frå klar himmel vart kvardagen for mange av oss snudd på hovudet på ein måte knapt nokon hadde sett for seg i starten av mars. Marked kollapsar, og optimisme er brått  snudd til frykt og usikkerheit. Mange firma strevar no med å finne ein veg vidare. Situasjonen framstår som både kompleks, kaotisk og akutt, og feilsteg kan no få alvorlege og langtrekkande konsekvensar. Mykje står på spel. Dette er også svært ulikt den kvardagen mange leiarar og organisasjonar har stått i og virka i til no. Ein situasjon som kanskje krev noko anna og noko meir i forhold til ledelse, og kanskje også andre leiarar. Men kva og kven? Ein stad å søke råde om dette kan være miljø som har erfaring med å operere i slike krise og kaos-soner. Kan me lære noko frå operative miljø som opererer i krig og elendighet?

I dette digitale foredraget presenterer Førsteamanuensis Olav Kjellevold Olsen ved Handelshøyskolen BI/UiB ein del læringspunkt frå si forsking på operative miljø som militære spesialstyrkar og politiet, og kva dei vektlegg som sentralt i leiarskap og samspel for å lukkast når usikkerheiten og  tidspresset er stort og mykje står på spel.