-
Økonomi

Med nullutslepp bør Oljefondet ut av Norges Bank

Knut Anton Mørk, Håvard Halland

Den nye målsettinga om nullutslepp for Oljefondet krev ein styreleiar med styrke som ein Jens Stoltenberg. Men helst bør fondet ut av Norges Bank.

Jens Stoltenberg sitt moglege kandidatur til stillinga som sentralbanksjef gjeld meir enn spørsmålet om kor ønskeleg det er å ha ein tidligare sentral politikar til å styra pengepolitikken. For med dagens organisering av Statens Pensjonsfond Utland (SPU) –Oljefondet – som del av sentralbanken, er pengepolitikk berre ei av minst to viktige oppgåver som sentralbanksjefen har ansvar for.

Det reiser på ny spørsmålet om kor klokt det er å ha fondet innlosjert i Norges Bank.

Etter vårt syn er Stoltenberg ingen openberr kandidat til sentralbanksjefstillinga, fordi han manglar ein sterk bakgrunn innan pengepolitikk. Pengepolitisk teori og praksis er komplekst, og ikkje gjort i ei handvending å setta seg inn i.

Me tvilar ikkje på at Stoltenberg kan få god hjelp av fagstaben i sentralbanken, slik til dømes juristen og politikaren Christine Lagarde gjer i ECB. Likevel ragar andre kandidatar over Stoltenberg etter dette kriteriet.

Sterk leiar

Når me og andre likevel ser han som ein framifrå kandidat, er det fordi han kan bli ein sterk leiar. Det treng Norges Bank, ikkje først og fremst for pengepolitikken, men for å styra Oljefondet. I tillegg til å ha forvaltningskapital tilsvarande tre gonger Noreg sitt bruttonasjonalprodukt, fungerer fondet som finansieringskjelde for ein fjerdedel av staten sine utgifter, og er styrt av ein administrerande direktør som ikkje er kjend for å gå stille i dørene.

Så lenge sentralbanksjefen skal fungera som styreleiar for fondet, slik det går fram av lova i dag, er det utan vidare klart at ein person med solid leiarerfaring ifrå ein overnasjonal organisasjon som Nato må stilla sterkt.

Men den institusjonelle løysinga, med fondet plassert i banken, er ikkje god. Konsekvensen av dette oppsettet ser no ut til å bli at me får ein annan sentralbanksjef enn den som er best skikka til å styra pengepolitikken. Og dei andre styremedlemmane er primært utnemnde for å styra ein sentralbank, ikkje for å styra eit av verdas største investeringsfond.

... ein framifrå kandidat, fordi han kan bli ein sterk leiar

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum ser ut til å ønska å setta bom for debatt om dette dilemmaet, då han fjerna spørsmålet om fondet si institusjonelle plassering ifrå mandatet til Sverdrup-utvalet. Det står i samsvar med den haldninga som mellom anna hans eige parti gav uttrykk for under behandlinga av sentralbanklova for to år sidan, nemleg at det ville vera lettare for Stortinget å kontrollera fondet så lenge det er plassert i sentralbanken.

Det meiner me er å sette saka på hovudet, gitt den svake kompetansen som Norges Bank sitt styre generelt har når det gjeld kapitalforvalting.

Grøne investeringar

Dilemmaet vert enno meir akutt i lys av statsminister Støre sin lovnad i Glasgow, om å gjera Oljefondet internasjonal leiande for grøne investeringar. Med eit netto-null utsleppsmål for fondet vil styret få ansvar for å føra tilsyn med ei omfattande kursjustering. Sjølv om Norges Bank Investment Management (Nbim) allereie har gode rutinar på utsleppsrapportering og klimarelatert eigarskapsarbeid, vil netto null-målet medføra behov for omfattande vidareutvikling av kompetanse på utsleppreduksjon, innan alle sektorar som fondet investerer i, samt justering av strategi, utvikling av rutinar, og oppgradering av samarbeidsrelasjonar med klimarelaterte investororganisasjonar internasjonalt.

Alt dette krev eit høgkompetent og uavhengig styre, med kvalifikasjonar innanfor ulike aspekt av kapitalforvaltning og klimarelatert eigarskapsutøving. Eit styre utan slik kompetanse risikerar å bli eit forum for proforma godkjenning av fondsleiinga sine avgjerder, kanskje spesielt under ein så sterk og einerådig direktør som Nicolai Tangen.

«Task Force on Climate-related Financial Disclosures», som set gullstandarden for klimarelatert rapportering innan finanssektoren internasjonalt, er tydeleg på viktigheten av å ha eit kompetent styre med inngåande kunnskap om klimarelaterte aspekt av investeringsprosessen.

I motsetning til Norges Bank sitt hovudstyre, ville eit separat styre for Oljefondet kunne dra vekslar på styremedlemmar rekruttert blant dei mest kvalifiserte på verdsbasis. Fleire canadiske og danske pensjonsfond, mellom andre, har omfattande erfaring på klimakonsistent investering.

Medlemmer av eit framtidig styre vil delvis kunne rekrutterast internasjonalt, ifrå store investororganisasjonar med slik erfaring.

Me er usamde i at eit separat oppnemnt styre ville redusera Stortinget sin kontroll med fondet. New Zealand sitt statseigde fond er eit eksempel på at eit eige styre kan fungera svært godt. Eigarskapsfunksjonen for Oljefondet er uansett ivaretatt av Finansdepartementet, og dette ville fortsatt vera tilfellet med eit separat styre.

Referanse

Innlegget ble først publisert på DN.no 24.11.21.

Publisert 30. november 2021

Du kan også se alle nyheter her.